Lene Marlin Italian fan-club
Press Review
Versione italiana   English version

 Home page


 News
 Pictures
 Agenda
 Charts
 Press Review
 Biography
 Discography
 Lyrics & Tabs
 Diary & Chats
 Audio & Video


 Guestbook
 International Forum
 MySpace
 Chat
 Support Lene
 Download
 Polls
 Site Search
 Links


 Staff/Contacts
 History
 Experiences

02 October 2003
Oui Marlin!
Source : Nrk
Lene Marlins Europatekke er i ferd med å bli like bra som sist. Etter suksessen med ny-albumet i Italia, gjer ho no alt for å erobre Frankrike.

Med svært så bra plate-sal etter ei veke på listene, er Lene Marlin på full fart framover også ute i Europa. I går kveld viste Noregs poppyngling seg fram for fransk presse, bransje og trufaste fans.

Ho har for så vidt gjort det før i Frankrike. "Playing my game" selde til saman 700 000 plater i Italia og Frankrike. Skal ein tru franske journalistar kan det bli meir denne gongen.

Marknadsføring

Representantar frå musikkaviser, fagblad og tv var på plass i Cina Club. Konserten føregjekk i kjellaren til klubben som ligg like ved Bastilleplassen, eit svært så populært område for klubbentusiastar i Paris.

Mathias Abiker i TV-kanalen MCM, Frankrikes svar på MTV, seier til VG at det heile handlar om å vise seg fram.

- Ho kan bli ein endå større artist enn sist. Men alt dette handlar om marknadsføring. Der må ho bli betre.

 
 


Archive
(English)
Back to the
Press review in English



Archive
(Norwegian)
Back to the
Press review in Norwegian