Lene Marlin Italian fan-club
Press Review
Versione italiana   English version

 Home page


 News
 Pictures
 Agenda
 Charts
 Press Review
 Biography
 Discography
 Lyrics & Tabs
 Diary & Chats
 Audio & Video


 Guestbook
 International Forum
 MySpace
 Chat
 Support Lene
 Download
 Polls
 Site Search
 Links


 Staff/Contacts
 History
 Experiences

18 September 2003
Vil dempe forventningane
Source : Nrk
Piratkopiar på nettet, enorm omtale og stort forhåndssalg. Lene Marlin-hysteriet er i full gang før plate nummer to er i butikkane på mandag. Men EMI trur ikkje det blir like godt sal denne gongen.

Lene Marlin er i testsjiktet blant Norske artistar. Berre A-ha har seld meir plater enn henne. Med 1,5 millionar eksemplar av debutalbumet, har plateselskapet EMI ingen ting å vere skuffa over. Forventningane er difor skyhøge når "Another Day" sleppast komande måndag. Platedirektør Per Eirik Johansen vil helst roe det heile ned.

- Vi har ingen forventningar på at Lene kjem til å selje like mykje som sist. Det er eit urealistisk mål. Vi har ikkje budsjettert med noko som helst.

Økokrim

Interessa for plata har vore enorm seier Johansen. Det var kanskje også årsaka til at ein utru tenar i presse eller forhandlarmiljøet la plata ut på nettet. Økokrim er no kopla inn for å finne kven det var.

- Vår advokat har meldt dette, og Økokrim skal no sjå vidare på saka. Eg har tru på at dei vil finne ut kven det var.

- Men viser dette at det er farleg å sende ut slike plater på forhand før lanseringa til presse og forhandlarar?

- Vi har ikkje noko anna val enn å gjere dette. Pressen må få sjansen til å høyre igjennom det dei skal skrive om. Forhandlarar må danne seg eit grunnlag av korleis plata er, slik at dei kan seie ja eller nei til store bestillingar. Det er denne måten vi gjer det på. Folk som ikkje er å stole på må vi bli kvitt, difor går vi til Økokrim.

Konsert og på tv

Ingen ting er endå klart med tanke på turne for Marlin. Alt er opp til henne sjølv i følgje EMI. Til no har ho berre sagt ja til ein minikonsert i ein platebutikk i Oslo City neste laurdag.

- Vi får sjå om det blir turne her i Noreg og når det blir. Det veit vi ikkje enno.

- Men de kjem vel til å marknadsføre Lene?

- Ho vil nok vere med i ulike tv-program, det kan eg stadfeste ja, seier Johansen.

 
 


Archive
(English)
Back to the
Press review in English



Archive
(Norwegian)
Back to the
Press review in Norwegian